Kjøkkenslåttar, slåtter etter spelemannen Andreas Nerbøstrand

Arild Hoksnes har fått laga ei samling med slåtter etter spelemannen Andreas Nerbøstrand fra ytre Romsdal. (1913-2000).

Flere slåtter er munnspill-melodier som er tatt tilbake som fele slåtter.
På hjemmesiden https://kjoken.no/prosjektet-kjokenslattar er det mulig å høre smakebiter eller laste ned sanger

Kva er ein kjøkenslått?

Eit påfunn
Eit kjøken veit vi kva er. Ein slått er namnet på ein dansemelodi for fele. Når slike slåttar har eit liv på eit kjøken – då må det jo bli kjøkenslåttar.

I dette huset, på Nerbøstranda på øya Gossen på romsdalskysten finst eit kjøken som tilhøyrde Andreas og Julie Nerbøstrand. I dag har dei nye eigarane, Marit Krohn og Knut Obert Huse bygd ein fritidsbolig som omfamnar det gamle huset som stod her.

I det gamle kjøkenet sat eg mange år frå 1972 og lærde slåttar og visetonar av Andreas. I det nye kjøkenet, som har teke fint vare på den stemninga som var – fekk vi lov å spele inn Andreas-slåttar hausten 2018. 

Dette er melodiar som høyrer til her- og fortel om Andreas som hadde framsyn til å gjere lokal folkemusikk og tradisjonar levande for nye tider.

Ringen er slutta.

Arild Hoksnes