Munnspillseminar Naustdal 2021

nausdalen-spelemannslag

Munnspelsamling/kurs i Naustdal
fredag 24. september til søndag 26. september 2021
Kurset blir skipa til av organisasjonen Tradisjonsmunnspel
med Naustedalen Spelemannslag som lokal arrangør.

Program:
Fredag 24.sept. 18.00 – 19.00 Frammøte og registrering.
Fredag 24.sept. 19.00 – 20.00 Munnspelkurs.
Laurdag 25 sept. 10.00 -18.00 Munnspelkurs m/innslag om lokal tradisjonsmusikk, stell av
munnspel mm.
Laurdag 25 sept. 20.00 Open spelemannsfest m/konsert av kursdeltakarane, og dans.
Søndag 26 sept. 10.00 -11.00 Årsmøte i Tradmunnspel.
Søndag 26 sept. 11.00 -12.00 Kurs og avslutning.
Under kurset er det kveldsmat fredag, frukost laurdag og søndag og middag laurdag kl 18.00.
Deltakararavgift kr. 800,- inklusiv kurs og mat.

Kursstad blir i ungdomshuset Fosshalla som ligg like ved Naustdalsfossen få hundre meter
frå sentrum i Naustdal.
Kurset er både for nybegynnerar, litt øvde og viderekomne, og innhaldet blir tilpassa dei som
melder seg. Hovudinstruktør er som før: John Erik Hammarberg frå Sverige.
Kurset er gehørbasert utan notar. Du må ha med eit diatonisk munnspel i G-dur for å delta.
Eit vanleg munnspel med 10 hol er greit men andre spel i G-dur er OK.

Meir informasjon om opplegget og lydfiler av kursmelodiane blir sendt ut på forhand. Du
finn også informasjon på Tradisjonsmunnspel si nettside www.tradmunnspill.no .
Deltakarane ordnar sjølv med innkvartering. Plass til campingvogner og bobilar like ved
Fosshalla. Hotell og Hytter: Ekreskogen Hytter, Naustdal tlf. 91363093 (5 km). Scandic
Sunnfjord hotell, Førde tlf. 57834000 (12 km).
Thon Hotel Førde 57821411 (12.km). Førde
Vandrerhjem tlf.57829960 (14 km). Vi har også
nokre plassar med privat innkvartering og for dei
som har med sovepose nokre soveplassar i rom i
Fosshalla.

Påmeldingsfrist fredag 11. september til
Einar Eimhjellen
e-post: eineim@online.no .
Gje opp telefonnr. og epostadresse. For praktiske spørsmål kontakt Einar Eimhjellen på tlf. 95203597.

Kontakt oss på e-post: nett@tradmunnspill.no