Tradisjonsmunnspill 2023 Valldal

I år blir den årlige samlinga i Valldal på Sunnmøre. Fra fredag 25. august til søndag 27. august.
Valldal er også kjent som jordbærbygda.

Overnatting må kvar deltakar ordne med sjølv. Det kan vere lurt å bestille med ein gong, for Valldal ligg midt i hjertet av det vi kallar for Gullruten mellom Geiranger og Åndalsnes, og er ein populær plass å reise til. Muri hytteutleige kan være eit godt alternativ for store og små hytter. Hyttene ligger ikkje så langt vekke i frå Martin Linge huset (kulturhuset i Fjord kommune) der vi skal halde til.

Vi har i år som i fjor fått Oddleiv Humlestøl til å ta seg av nybegynnarane, Mareno Ruska vil ta seg av mellomgruppa, og Einar Eimhjellen vil ta seg av dei som er komne litt lenger. I tillegg til desse iherdige sjelene, har vi vært så heldige å få med oss den Svenske riks-spelemannen John Erik Hammarberg. Han vil gå litt i mellom dei tre gruppene etter som det passer, og supplere der det er ønskelig.

Endelig program med klokkeslett og orientering blir sendt ut seinare. Vi møter som vanlig fredagskvelden for registrering og gruppering. Det blir også tid til å spele litt fredag, og fortsette med det på laurdag etter frukost. Speling blir det som vanlig med kurs og fellesnummer, konsert og dans på laurdagskvelden. Vi har vært så heldige å få med oss Valldal spelemannslag m/fleire til å spele på dansen. Det er også invitert med ei dansegruppe som vil vere med å svinge seg i dansen. Søndag tar vi årsmøtet og reiser heim etter det.

Påmeldingsavgifta kr 500 betaler dokke inn no med ein gong til bankkonto 15037727048, eller på VIPS 719829.

Mer om Fjord kommune opplevfjord.no