Hei, og takk for sist.
Det vart ei kjempekjekk helg der i Mattila på Finnskogen. Sjølv om vi var i Sverige, så var det lite svenskar på kurset. Derimot fekk vi oppleve reising av mai-stang på fredag for dei som kom så tidleg. Det var mange av oss som aldri hadde vært med på det før, så det vart heilt spesielt med gang og sang rundt stanga. Denne gangen fekk altså svenskane kort reiseavstand til kurset, og dei aller fleste av oss andre måtte reise over 50 mil ein veg for å kome fram. Mange måtte overnatte undervegs, og det vart ein del av turen det også. Det er likevel berre ein gong i året vi har anledning til å møte så mange fantastiske folk, og gode munnspelarar samtidig, så man må ofre litt for å få litt som det heiter. Neste års samling blir som dokke vil lese av referatet frå årsmøtet som eg legg ved her, vere på Sotra utanfor Bergen. Det vil då vere 10 år sidan vi var der sist, og det vil med det bli eit aldri så lite 10 års jubileum. På årets samling på Mattila, delte vi ut to æresmedlemskap i Tradmunnspel. Den eine som fekk dette som dokke vil lese av referatet, var tilstades, og kunne ta imot hyllest der og då. Vel fortjent. Den andre var den kjente riks spelemannen John Erik Hammerberg som var forhindra frå å møte, så han fekk eg tips om frå Einar Eimhjellen, at han var på reise i Norge no denne helga. Eg fekk altså helse på John Erik og fruen då dei kom til Geiranger på fredag. Det var ein regntung dag som likevel ikkje la dempar på entusiasmen til svenskane på busstur ned den svingete veien til Geiranger. Det var veldig triveleg å treffe igjen desse to som har vært med i så mange år. Eg fekk tatt eit bilde av dei framfor bussen der i Geiranger, og John Erik var veldig taknemlig og rørt over å ha fått denne utmerkelsen. Legger ved bildet her. Dokke må alle ha ein riktig fin sommar, uansett ver, og så møtest vi neste år på Sotra.
Med vennlig helsing
Knut Ståle Berge
Leiar i styret for Tradmunnspel