I desembernummeret av Kyrkjebladet for indre Nord-Møre står det blant annet dette om arrangementet: Nils Røv er ein Mo-sokning som har vandra rundt om i verda meir enn dei fleste. Han fortalte frå si vandring både til Mokyrkja og liene rundt og spela salmer på, – ikkje berre eitt munnspel, men han veksla elegant mellom to. Og hans munnspel-versjon av "Bruremarsj frå Jämtland" bør vordande brudepar merke seg. Eller sølvbrudepar for den del.