Nyttårshelsing frå leiaren

Kjære munnspelvener. Diverre vart dette eit spesielt år for meg sidan kona mi Marit døydde av kreft i førstninga av juli i sommar. Like til i fjor haust var ho vår faste gitarist i Naustedalen Spelemannslag gjennom nesten 50 år. Sidan eg har vore musikalsk leiar i den same tida har vi halde saman gjennom musikken. No er ei ny tid komen for meg og musikken held meg framleis i aktivitet og har vore til stor hjelp.

Munnspelseminaret på Sotra ved Bergen var vellukka på alle måtar og vi blei kjende med nye munnspelinteresserte. Til våren skal vi samlast til munnspelseminar på Hedmarken og eit besøk på folkemusikkarkivet på Glomdalsmuset for kort tid sidan viste at der er det ein levande munnspeltradisjon og at det er mykje munnspelstoff å hente.

Eit besøk hos munnspelaren Ottar Kverneng på Røros syner at tradisjonsmusikken på munnspel er lys levande også der. Saman med Møre og Fjordane munnspellag spelte vi på Honndalsdagane i august og eg har deltatt med munnspelet i mange samanhengar og seinast på julekonsert i Naustdal sist søndag.

For meg ser det ut som at interessa for å spele folkeleg musikk på munnspel er lys levande mange stader. Difor er det ei viktig oppgåve for oss å medverke til at dette vesle unike instrumentet blir tatt fram att og brukt. Alle kan ikkje bli meister, men alle kan få til litt.

Så ønskjer eg alle god jul og eit godt munnspelår 2018.

Helsing Einar Eimhjellen