Trondheim 17. april 2016
Foreininga sitt namn:
Tradisjonsmunnspel/Tradisjonsmunnspill (forkorta Tradmunnspel/Tradmunnspill)
Ein landsomfattande organisasjon for munnspel og tradisjonsmusikk.
1. Føremål.
Tradisjonsmunnspel er eit landsdekkande lag som har som føremål å samle personar som vil arbeide for å bruke munnspel til tradisjonsmusikk og å ta vare på folkelege munnspeltradisjonar.
2. Lagsverksemda.
Laget skal arbeide for å få fleire til å bruke munnspel til å spele tradisjonsmusikk, og å skipe til kurs, konsertar, seminar ol.
3. Tilknytning.
Tradisjonsmunnspel er ein sjølvstendig og frittståande organisasjon, men kan knyte seg til ein større landsfemnande organisasjon dersom laget finn dette føremålstenleg. Dette blir avgjort av årsmøtet med vanleg fleirtal (minst 50 % av stemmene).
4. Styret.
Tradisjonsmunnspel blir leia av eit styre på 5 personar. Styret skal vere samansett av leiar, nestleiar, kasserar, nettansvarleg og styremedlem som blir valde på årsmøtet. Leiaren blir vald for eitt år og dei fire andre blir valde for to år slik at (minst) to av dei er på val kvart år, det første året etter loddtrekning. Årsmøtet vel også to varamedlemer til styret, revisor og valnemnd for neste år.
Styret sine oppgåver er å: Ha overordna ansvar for å peike ut lokale arrangørar til eit årleg seminar/kurs. Førebu årsmøtet og leggje fram årsmelding, rekneskap og framlegg til arbeidsprogram og budsjett. Drive nettsida og kontrollere dokument og informasjon som skal leggjast ut på heimesida og Intranett. Informere medlemmene gjennom medlemsbrev og/eller via nettsida. Krevje inn og forvalte medlemspengane i tråd med arbeidsprogrammet som årsmøtet har vedteke.
5 Årsmøtet.
Årmøtet skal haldast kvart år i tilknytning til eit årleg munnspelseminar. Saker som skal handsamast på årsmøtet må vere oppførde på saklista som må gjerast kjent for medlemene seinast to veker før møtet vert halde. Framlegg til saker på årsmøtet må vere innkomne til styret seinast tre veker før møtet. Alle som har betalt årskontingenten har røysterett på årsmøtet.
Årsmøtet godkjenner årsmelding frå styret og rekneskapen for siste år. Vidare vedtek årsmøtet arbeidsprogram, budsjett og årspengar for neste år.
Årsmøtet skal starte med at deltakarane på årsmøtet spelar Naustdalsvalsen, og avsluttast med avspeling av gjennomgangslåten på munnspelseminaret det same året.
6 Omframt årsmøte.
Det skal haldast omframt årsmøtet dersom styret finn at det er naudsynt, eller dersom minst ein tredjedel av medlemene krev det.
7 Oppløysing.
Laget kan berre oppløysast av årsmøtet med minst tre fjerdedels fleirtal. Laget kan likevel ikkje oppløysast dersom minst fem medlemmer går imot det. Dersom laget blir oppløyst, skal midlar og eigedom gå til ein norsk organisasjon som arbeider for tradisjonsmusikk.
8 Vedtektsendring.
Endring av vedtektene kan berre gjerast av årsmøtet med minst tre fjerdedels fleirtal.