Munnspelkurs i Naustdal laurdag 10.oktober.

Er avlyst/utsatt på grunn av koronasituasjonen.

Kurset er i samarbeid mellom organisasjonen Tradisjonsmunnspel og Naustedalen Spelemannslag.

På grunn av coronasituasjonen har styret i Tradisjonsmunnspel bestemt at det ikkje blir landskurs/seminar i år, men at det skal haldast 3 regionsamlingar fordelt på Trøndelag, Austlandet og Vestlandet.
For Vestlandet blir kurset/samlinga i Naustdal laurdag 10. oktober kl. 11.00  – 19.00.
Med atterhald om strengare coronarestriksjonar blir det konsert med kursdeltakarane kl. 18.00 – 19.00.
Det blir servert middag og kaffi/kaker i løpet av kursdagen.
Deltakaravgift  inklusiv mat: kr. 500,-
Kursstad blir i ungdomshuset Fosshalla som ligg like ved Naustdalsfossen få hundre meter frå sentrum i Naustdal.

Kurset er både for nybegynnere og viderekomne, og innhaldet blir tilpassa dei som melder seg.  Kurset er gehørbasert, så vi brukar  ikkje  notar. Du må ha med eit diatonisk munnspel i G-dur for å delta.   Eit vanleg munnspel med 10 hol er greit.  
Meir informasjon om opplegget og lydfiler for øving blir sendt ut til dei som melder seg på. I tillegg finn du informasjon om Tradisjonsmunnspel på nettsidene : www.tradmunnspill.no. På grunn av coronasituasjonen kan det hende vi må begrense antal deltakarar.  Dei som melder seg først, får plass. Siste frist for påmelding er 1. oktober.
Du melder deg på til Einar Eimhjellen e-post: eineim@online.no . Gje opp telefonnr. og epostadresse.  For praktiske spørsmål kontakt Einar Eimhjellen på tlf: 95203597.