Besøk på munnspelfabrikken C.A. Seydel Söhne

Ved: Einar Eimhjellen:

Mange meinar at Seydel-munnspela er dei beste fabrikklaga munnspel på marknaden i dag.
På biltur sørover i Europa for nokre år sidan fekk vi anledning til å besøke munnspelfabrikken C.A. Seydel Söhne som ligg i byen Klingenthal i Tyskland tett ved
grensa til Tsjekkia. På førehand hadde vi kontakta fabrikken og avtalt dag og tid.
Vi tok inn på hotell Waldgut am Aschberg som ligg høgt og fritt med flott utsikt over Klingenthal.

Byen ligg omkransa av skogkledde åsar. Berre namnet, Klingenthal, osar av musikk og byen er kjent for to ting – musikkinstrument-produksjon og vintersport.
Då vi kom til fabrikken vart vi mottatt av Florian Stark som guida oss rundt i lokala.
Fabrikken er den eldste munnspelfabrikken i verda som framleis er i drift. Produksjonen vart oppstarta i 1847 då grunnleggaren Christian August Seydel fekk sertifikat for å bygge instrument for salg. Då han døydde i 1882 overtok sønene Richard og Moritz drifta og fabrikken fekk namnet C.A. Seydel Söhne.

Florian fortalde at fabrikken har 30 tilsette og produserar mellom 30 000 og 50.000
munnspel kvart år – litt avhengig av utviklinga i den amerikanske marknaden. Dei produserar alle typar kromatiske og diatoniske munnspel. Mange professjonelle brukar Seydel sine munnspel. All produksjon er handarbeid både i utarbeiding og stemming. Nokre maskiner såg vi, men det var velprøvt utstyr som slett ikkje passer til automatisk serieproduksjon.

Underteikna hadde med seg eit velbrukt seydelspel av typen Concerta som i høg grad trengte vedlikehald. Ein av dei tilsette Gottfried Bohn tok hand om instrumentet som etter 10 minutts jobb blei godt som nytt.