Bli medlem i Tradisjonsmunnspill!

Vi inviterar deg til å bli medlem av Tradisjonsmunnspill. Dette er ein landsdekkande organisasjon for personar som vil arbeide for å bruke munnspel til tradisjonsmusikk og å ta vare på folkelege munnspeltradisjonar.

Bakgrunnen for oppstarting av laget er at det blei arrangert eit munnspelkurs med deltakarar frå heile Sør-Norge i Naustdal i 2010. Etter dette har det blitt halde kurs/seminar kvart år i Vinstra, Trondheim, Hornindal, Sør-Fron, Gjøvik og i april 2016 i Trondheim, der oppstartingsmøtet for organisasjonen blei halde den 17. april. Då vart det godkjent vedtekter for laget, bestemt årskontingent og valt styre. Årskontingenten er kr 200,00.

No oppmoder vi interesserte til å melde seg inn i organisasjonen vår. Du blir medlem av Tradisjonsmunnspill  ved å betale kr 200,00 på bankkonto 1503 77 27048. Hvis du har spørsmål, kan du ringe vår kasserer Oddleiv Arne Humlestøl på tlf. 481 70 511